Ein comună er ei administrativ eining i Romania.[1]
Romania er delt inn i 41 judeţ («fylke»). Innafor kvart judeţ er det tre ulike kategoriar på det kommunale planet:
- municipiu (store bykommunar)
- oraș (små bykommunar)
- comună (landkommunar)
Dei tre typane kommunar ligg administrativt på det same nivået, men bykommunane har fleire lokale styringsoppgåver enn dei mindre comună. For å få status som oraș må kommunen ha minst 5000 innbyggjarar og ein viss grad av urbanisering.[2] Ved utgangen av 2019 var det 2861 landkommunar (comună) i Romania.[3]
Referansar