Cliveden-krinsen (The Cliveden Set) var ein flokk mektige, konservative og tyskvenlege politikarar og aviseigarar i England i 1930-åra. Krinsen fekk namn etter herresetet Cliveden ved Themsen, der gruppa ofte kom saman med lady Nancy Astor som vertinne for å drøfte utanrikspolitiske spørsmål.