* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga
Claudio Gentile, (fødd 27. september1953 i Tripoli i Libya) er ein italiensk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar. Han var med på å vinne VM 1982 for Italia. Gentile spela 11 sesongar for Juventus, og var med på å vinne to europeiske turneringar, seks seriemeisterskap og to italienske cupmeisterskap.
Spelekarriere
Klubbspel
Gentile debuterte i 1971 på nivå fire i italiensk fotball for klubben Arona. Etter ein sesong gjekk han vidare til Serie B-klubben Varese. Også i denne klubben spela han ein sesong, og fanga interessa til toppklubben Juventus. Frå sommaren 1973 til 1984 spela han for Torino-klubben. Han hadde fast plass i midtforsvaret frå sommaren 1974, så å seie heile tida saman med Gaetano Scirea. Gjennom ti sesongar var han med å vinne Serie A seks gongar, UEFA-cupen 1977 og Cupvinnarcupen 1984, samt to italienske cupmeisterskap.
Sommaren 1984 gjekk Gentile over til Fiorentina, der han spela nye tre år i Serie A, før han la opp i 1988 etter ein siste sesong i Serie B-klubben Piacenza.
Landslagsspel
Gentile aksla den italienske landslagstrøya fyrste gongen i 1975. Han var med i tre internasjonale turneringar på rad: VM i fotball 1978, EM i fotball 1980 og VM i fotball 1982. Italia vart nummer fire både i 1978 og på heimebane i 1980. Under VM 1982 i Spania gjekk Italia heilt til topps. I mellomrunden slo Italia ut både Braisl og Argentina. I dei to oppgjera fekk Gentile i oppgåve å passe på høvesvis argentinaren Diego Maradona og brasilianaren Zico, oppgåver som den hardtspelande Gentile lukkast med. I finalen vann Italia over Vest-Tyskland med 3-1.
I 1984 spela Gentile sin 71. og siste landskamp, ein einaste gong kom han på skåringslista for Italia.
Merittar
VM-gull 1982 for Italia
Vinnar av Cupvinnarcupen 1984 med Juventus
Vinnar av UEFA-cupen 1977 med Juventus
Italiensk seriemeister 1975, 1977, 1978, 1981, 1982 og 1984 med Juventus
Italiensk cupmeister 1979 og 1983 med Juventus
Trenar
Mellom 2000 og 2006 var Gentile trenar for Italias U21-landslag, som i 2004 vann europameisterskapen for ungdomslandslag. Han leia også Italias OL-lag som eit par månader seinare erobra bronsemedaljane under sommar-OL 2004 i Athen, mange av spelarane var med i begge turneringane.