53°13′21.9″N 4°10′16.6″W / 53.222750°N 4.171278°W / 53.222750; -4.171278
Church Island (walisisk Ynys Tysilio) er ei lita øy i Menaisundet ved kysten av Anglesey. Øya er landfast med Anglesey via ei vegfylling.[1] Øya er dominert av St Tysilio-kyrkja, bygt på 1400-talet,[2] og den tilhøyrande kyrkjegarden.
På det høgaste punktet på den vesle øya står eit minnesmerke til dei loakle mennene som døydde under verdskrigane. Frå her er det òg fin utsikt over Menaisundet og dei to bruene som kryssar det.[1]
I 2002 hekka silkehegre for første gong i Wales på eit skjer like utanfor Church Island.
Kjelder
Bakgrunnsstoff