Christian O'Sullivan (fødd 22. august1991) er ein norsk handballspelar frå Oslo som vann sølv med Noreg under Handball-VM 2017 i Frankrike. Sidan 2016 spelar han på den tyske handballklubben SC Magdeburg. Tidlegare var han aktiv i Bækkelaget SK fram til 2014 og der etter i svenske Kristianstad 2014-16. O'Sullivan er midtre rykkromspelar og har pr 1.11.2017 delteke i 79 landskampar med Noreg og skåra 107 mål.