Chicken Skin Music er det femte studioalbumet til den amerikanske rootsrock-artisten Ry Cooder, gjeve ut i 1976 på Reprise.
Som på tidlegare album viskar Cooder ut dei geografiske og musikalske grensene mellom songane han speler. Han presenterer «Stand By Me» som ein gospelsong med eit norteño-arrangement eller spelar countrypopsongen til Jim Reeves, «He'll Have to Go», med ein bolerorytme med samspel mellom trekkspelet til Flaco Jimenez og altsaksofonen til Pat Rizzo.[1] Albumet opnar og avsluttar med songar av Leadbelly, og består elles av ei samling songar som varierer frå gamle trubadur/medisinshow-nummer i «I Got Mine» til R&B i «Smack Dab in the Middle». Cooder skriv i notata i plateomslaget at han forstår samanhengen mellom desse tilsynelatande forskjellige stilartane.[1]