Charles Kittel (fødd 18. juli 1916) er ein amerikansk fysikar. Kittel har mellom anna medverka til utvikling av ultralyd- og mikrobølgje-resonansmetodar for studiar av faste stoff, og har sjølv studert ferromagnetiske og antiferromagnetiske material og fargesenter i elektriske halvleiarar. Fleire av lærebøkene hans er internasjonalt kjende, som Introduction to Solid State Physics og Quantum Theory of Solids.
Han var forskar ved Bell Telephone Laboratories frå 1947 til 1951 og professor ved University of California, Berkeley frå 1951 til 1978.
Kjelder
[[Kategori:Fysikarar på 1900-talet