Cerknica (slovensk Cerkniško jezero, tysk Zirknitzer See) er ein perioedvis innsjø nær Cerknica i Notranjska i Slovenia. Når han er fullt opp er han den største innsjøen i landet. Han ligg sør i Cerknica polje. Overflata kan verte opp til 38 km² stor og vassflata varierer mellom 546 og 551 meter over havet.
Cerknica er viktig for dyrelivet i området, særleg som hekkestad for fleire fugleartar.
Strabon nemner i Geografia (7.5) ei myr kalla Lougeon, som er identifisert som Cerknica.[1]
Kjelder