Caxias do Sul (portugisisk uttale [kaˈʃi. ɐz du ˈsuw]) er ein by i Rio Grande do Sul sør i Brasil, som ligg i det fjellrike området Serra Gaúcha. Han blei grunnlagd av italienske innvandrar den 20. juni 1890. I dag er han den nest største byen i delstaten Rio Grande do Sul. I 2020 estimerte ein folkesetnaden i byen til 517.451 menneske, mange av dei av italiensk og tysk avstamming. Nemninga for innbyggjarane i Caxias do Sul er caxiense.[5]
Historie
Før Caxias do Sul blei folkesett av italienske innvandrarar var det husdyrdrift og urfolk som budde i regionen. Den italienske innvandringa, hovudsakleg av bønder på leit etter eit betre liv frå Veneto, Lombardia, Trento (Nord-Italia) og andre regionar av Italia, byrja i 1875 i Nova Milano. Medan dei fekk statleg støtte som verktøy, forsyningar og frø, måtte dei også betala alt tilbake til regjeringa seinare.[6][7]
1. juni 1910 fekk Caxias do Sul status som by. Same dagen kom det fyrste toget som band saman regionen med delstatshovudstaden. Sjølv om innvandrarane var bønder, arbeidde mange av dei i andre økonomiske sektorar. Dei slo seg ned, urbaniserte området og byrja ei rask industrialisering.[8]
Folkesetnad
Befolkningsutvikling
År
Bef.
±%
1994
307 921
—
1996
325 694
+5,8 %
2000
360 419
+10,7 %
2004
396 419
+10,0 %
2008
427 858
+7,9 %
2012
446 911
+4,5 %
2020
517 451
+15,8 %
Språk
Portugisisk er det offisielle språket, og dermed hovudspråket som det blir undervist i ved skular. Eldre innbyggjarar kan ofte taliensk, eit regionalt språk basert på venetiansk, men som òg er påverka av andre italienske dialektar og portugisisk.[9]