Carl Theodor Rode (28. august 1833–24. oktober 1909) var ein norsk prest og politikar for Høgre. Frederik Rode var far hans.
Rode var fødd i Christiania. Han vart student i 1853 og cand. theol. i 1860. 1861 vart han stiftskapellan i Troms, same året vart han sokneprest i Kistrand i Finnmark. Dessutan prost i Hammerfest 1865-69. 1869 vart han residerande kapellan og 1879 sokneprest i Stjørdal. Dette embetet hadde han til 1904, åra 1889-99 var han i tillegg prost i Søre Innherad.
Rode var ordførar og forlikskommissær i Kistrand, og han var medlem av Stjørdal heradsstyre frå 1881 til 1883.
På Stortinget 1868-69 var Rode 2. representant frå Finnmarkens amt. Han var sekretær i kyrkjekomiteen.
Rode døydde i Kristiania i 1909.
Kjelder
Bakgrunnsstoff