Carl Dean Radle (18. juni 1942 –30. mai 1980 )[ 1] var ein USA-amerikansk bassist som har spelt og turnert med mange kjende artistar frå seint i 1960-åra og i 1970-åra. Han vart posthumt innlemma i Oklahoma Music Hall of Fame i 2006.[ 1]
Radle var mest kjend for det lange samarbeidet med Eric Clapton , som byrja i 1969 med Delaney and Bonnie and Friends og fortsette i 1970 med Derek and the Dominos . I 1970 vart Radle med på Joe Cocker sin Mad Dogs and Englishmen -turné. Han spelte på alle soloprosjekta til Clapton frå 1970 til 1979 og var med på turneane hans.
Radle spelte òg inn musikk med Dave Mason , J.J. Cale , George Harrison , Joe Cocker , Leon Russell og Buddy Guy , blant fleire. Han er å sjå i Martin Scorsese -filmen The Last Waltz frå 1978, som dokumenterer den siste konserten til The Band i 1976.
Radle døydde i mai 1980 av ein nyreinfeksjon han fekk som følgje av langvarig misbruk av alkohol og dop. Han vart 37 år gammal.[ 2]
Diskografi
Med Derek and the Dominos
Med Eric Clapton
Andre
Kjelder
Bakgrunnsstoff