«Candyman» er ein song skriven og produsert av det britiske rockebandet Siouxsie and the Banshees. Han kom ut som den andre singelen frå det sjuande studioalbumet deira, Tinderbox i 1986.
Songen handlar om barnemishandling.[1] Musikalsk er songen er eit gitarbasert nummer med markant bruk av arpeggio av John Valentine Carruthers.[2] Melody Maker kalla singelen «spanande. Stor, sjølvhevdande og klirrande med mange partar som i lag dannar ein inspirert og uføreseieleg heilskap i lag med utbrot av røysta til Siouxie.»[3]
«Candyman» vart den 13. topp 40-hitten til Siouxsie and the Banshees i Storbritannia og nådde 34. plassen på UK Singles Chart.[4]
Kjelder
- ↑ Shaw, William. «In at the Deep End». Word. September 2005
- ↑ Rooksby, Rikky (2010). Riffs: How to Create and Play Great Guitar Riffs. Backbeat Books. ISBN 0879309938.
- ↑ Clerk, Carol. «Candyman» - Single review. Melody Maker. 1. mars 1986.
- ↑ Johns, Brian. Entranced : the Siouxsie and the Banshees story. Omnibus Press, 1989. Page 94. ISBN 0-7119-1773-6
|
---|
|
Studioalbum | |
---|
Konsertalbum | |
---|
Samlealbum | |
---|
EP-ar | |
---|
Videoar/DVD-ar | |
---|
Singlar | |
---|
Andre songar | |
---|
Tilknytte artiklar | |
---|