Canadair North Star, òg kjend som Argonaut var eit candisk passasjar- og fraktfly. Det var utvikla på 1940-talet frå Douglas DC-4.[1]
DC-4 versus North Star
Den vesentlege endringa som vart gjort var at stjernemotorane vart bytte ut med Rolls-Royce Merlin rekkjemotorar for å kunna oppnå høgare fart. Flyet fekk då òg høgare marsjfart, på 523 km/t.[2] samanlikna med 365 km/t hjå Douglas DC-4. Prototypen flaug fyrste gong den 15. juli 1946. North Star vart vald av fleire selskap, såvel som det canadiske flyvåpenet RCAF. Flyet var i teneste gjennom heile 50-talet til langt ut i 60-åra. Enkelte var enno i drift som reine fraktfly opp til 1980-åra.[treng kjelde][3]
Flyet vart bygd i fleire variantar i tilsaman 71 eksemplar, med og utan trykk-kabin. Det britiske selskapet overtok 20 som hadde trykk-kabin. Som BOAC-fly gjekk dei under namnet «Argonaut».[treng kjelde]
Det tidlegare danske charterselskapet Flying Enterprise overtok fem Argonauts frå BOAC]og brukte desse til chartertrafikk til middelhavsdestinasjoner i fem år til selskapet gjekk konkurs i 1965.[treng kjelde]
Spesifikasjonar
(DC-4-M2 North Star)
Dimensjonar
Besetning: 7
Kapasitet 44 passasjerar eller 5 216 kg. last
Lengd: 28,89 m
Vengespenn 35,8 m)
Høgd 8,38 m
Vengeflate 135,82 m²
Vekt, tom: 19 731 kg
Vekt lasta 33 112 kg
Motorar: 4× Rolls-Royce Merlin 622 rekkjemotorar, 1 760 hk kvar