Jean Edith Camilla Läckberg (fødd 30. august 1974 i Fjällbacka i Sverige) er ein svensk forfattar.
Ho er utdanna siviløkonom og bur med mannen sin og tre born i Enskede. Kriminalromanane til Läckberg er lagde til Fjällbacka i Bohuslän, der forfattaren sjølv voks opp. Gjennomgangspersonane er forfattaren Erica Falck og politimannen Patrik Hedström, med Hedström sine kollegaer ved Tanumshede politistasjon i biroller. Romanane Isprinsessan og Predikanten er filmatiserte av Sveriges Television, og er også viste på NRK.
Fleire av bøkene til Läckberg har toppa bestseljarlista i heimlandet. Ho har selt over ein million eksemplar berre i Sverige, og er omsett til fleire språk.
Bibliografi
- Isprinsessan (2002)
- Predikanten (2004)
- Stenhuggaren (2005)
- Olycksfågeln (2006)
- Tyskungen (2007)
- Smaker från Fjällbacka – kokebok (2008)
- Sjöjungfrun (2008)
- Fyrvaktaren (2009)
Prisar og utmerkingar
(Utval)
Bakgrunnsstoff