I tida mellom turneen deira våren og sommaren 1970 for å marknadsføre Déjà Vu og dette albumet, hadde Crosby, Stills og Nash berre fullført eit prosjekt i lag, ein turné i lag med Neil Young i 1974. David Crosby og Graham Nash hadde spelt inn tre album som duo, og Crosby hadde gjeve ut eit soloalbum (i tillegg til eit album med The Byrds) og Nash hadde gjeve ut to album. Stephen Stills hadde gjeve ut fire soloalbum og drive sitt eige band, Manassas, som gav ut to album. I tillegg hadde han turnert og gjeve ut eit album med Neil Young, som i seg sjølv nesten vart eit CSNY-prosjekt.
CSN bestod av originale songar av alle tre medlemmane og det var siste gongen på 17 år at bandet skreiv songar og song all vokal sjølv, utanom større hjelp frå utsida.
Mange av songane til Stills omhandla ekteskapsproblema hans[5] og «Dark Star» nytta latinamerikanske rytmar han hadde brukt heilt attande til Buffalo Springfield-tida. Crosby fortsette med songar om eksistensielle tema, slik han ofte hadde gjort før, og Nash kom med både den radiovenlege, akustiske balladen «Just a Song Before I Go» og eit utførleg stykke som prøvde å gjenskape ei LSD-oppleving han hadde hatt i Winchesterkatedralen med «Cathedral».[5]
Stephen Stills – vokal; gitar på alle spor utanom «Carried Away,» «Cathedral» og «Cold Rain» elektrisk piano på «Anything at All»; piano, strykearrangement på «I Give You Give Blind»; timbales på «Fair Game»
Graham Nash – vokal; piano på «Carried Away,» «Cathedral,» «Just A Song Before I Go,» og «Cold Rain»; munnspel på «Carried Away»; strykearrangement på «Cathedral» og «Cold Rain»
Andre medverkande
Joe Vitale – trommer på «Carried Away,» «Fair Game,» «Cathedral,» «Dark Star,» «Run From Tears» og «I Give You Give Blind»; orgel på «Shadow Captain,» «Fair Game,» «Anything at All,» «Dark Star»; elektrisk piano på «Carried Away,» «Just A Song Before I Go»; perkusjon på «Cathedral,» «I Give You Give Blind»; fløyte på «Shadow Captain»; pauke på «Cathedral»; vibrafon på «In My Dreams»
Craig Doerge – piano på «Shadow Captain» og «Anything at All»; elektrisk piano på «Shadow Captain» og «Dark Star»
Russ Kunkel – trommer på «Shadow Captain» «Anything at All,» «Just A Song Before I Go,» og «In My Dreams»; congatrommer på «Shadow Captain» «Dark Star»; perkusjon på «Just A Song Before I Go»