Béatrice Hiéronyme de Lorraine (1. juli 1662–9. februar 1738) var ein monark innan det tysk-romerske riket som regjerande fyrsteabbedisse av den sjølvstyrande klosterstaten Remiremont i Frankrike.[1]
Béatrice Hiéronyme var dotter av François Marie de Lorraine, prins de Lillebonne, og Anne de Lorraine. Ho var lenge medlem ved hoffet til kronprins Ludvig, der ho var kjend som Mademoiselle de Lillebonne. I 1686 blei ho føreslått som ekteskapspartner til hertugen av Modena, men planane blei ikkje noko av. I 1705 blei ho koadjutor og i 1710 abbedisse i Remiremont.
Kjelder
- ↑ Georges Poull, La Maison ducale de Lorraine, 1991