Bushfly kjem inn for landing i Hallo Bay i Katmai National Park .
Kotzebue er ein av busetnadane som blir rekna til «bushen» i Alaska.
Bushen (the bush ) i Alaska viser til dei delane av delstaten som ikkje er tilknytte det nordamerikanske vegnettverket[ 1] eller ferjenettverket i delstaten. Dei fleste delane av Alaska som ikkje er knytt til vegsystemet kan ein berre nå med småfly (bushfly ).[ 2] Reise frå stad til stad skjer typisk med snøskuter , båt eller hundespann .[ 3]
Geografisk høyrer område som North Slope , Northwest Arctic Borough , vestlege område som Baldwin- og Seward-halvøya , Yukon-Kuskokwim-delatet , Sørvest-Alaska med Bristol Bay , Alaskahalvøya og isolerte område i det såkalla Alaska Panhandle og indre Alaska eller Alaska Interior til bushen.
Størsteparten av urfolka i Alaska lever i bushen, med levevis som liknar mykje på dei forfedrane deira hadde.[ 3] [ 4]
Større busetnader i desse områda er mellom anna Bethel ,[ 3] Dillingham ,[ 3] King Salmon ,[ 3] Nome ,[ 1] [ 3] Barrow ,[ 1] [ 3] Katmai National Park ,[ 1] Kodiak Island ,[ 1] Kotzebue ,[ 3] og Unalaska-Dutch Harbor .[ 3]
Kjelder
↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Wohlforth, Charles P. (2007). Alaska for Dummies (3rd utg.). For Dummies. s. 364. ISBN 978-0-471-94555-0 .
↑ Wohlforth, Charles P. (2007). Alaska for Dummies (3rd utg.). For Dummies. s. 365. ISBN 978-0-471-94555-0 .
↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 DeVaughn, Melissa (2008). The Unofficial Guide to Adventure Travel in Alaska (2nd utg.). John Wiley and Sons. s. 457. ISBN 978-0-470-22899-9 .
↑ Wohlforth, Charles P. (2007). Frommer's Alaska 2008 . Frommer's. s. 434. ISBN 978-0-470-15288-1 .