Brunholmen i Ålesund ligg like nord-aust for Aspøya i Brosundet og er ein flat holme på ca. 120 x 95 meter. Han stikk inn i Brosundet som ei landtunge og skil dimed den ytre og indre hamna i Ålesundet. Den eigentlege Brunholmen har i dag særs tettbygde kvartal mellom gatene Brunholmkaia, Fløttmanngata og Brunholmgata. Aksel Holms plass er møtestad for gatene Molovegen, Øwregata og Apotekergata. Namnet «Brunholmen» blir i dag mest bruka som omtale av ein grunnkrins og eit sentrumsstrok i Ålesund. Tidlegare var stroket prega av skipshandlarar og fiskemottak i dei mange, store sjøbuene ved Brosundet. Lokalpolitisk blir Brunholmen styrt av bydelsutvalet for Aspøya.
-
Jervellbua med Ålesund fiskerimuseum ligg ved Molovegen, like i nærleiken av den eigentlege Brunholmen.
-
Tidlegare sjøbuer (nå ominnreia). Dei to husa nærast fotografen, heilt til høgre i biletet, ligg på Brunholmen.
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. (2024) |
Bakgrunnsstoff