Brookesia micra er ein kameleon kjend frå øya Nosy Hara utanfor Madagaskar. Han har ei største kjende totallengd på 2,9 centimeter og er med det den minste kjende amnioten målt etter totallengd.[1]
B. micra er observert aktiv på dagtid i eit område med nedbrotne kalksteinar og turre nedfalne lauv. Arten søv på greiner 5 til 10 centimeter over bakken.[1]