Breidtinden på Senja er det høgaste fjellet på øya Senja i Troms. Toppen ligg i Senja kommune. Fjellet ligg inst i Mefjorden.
Breidtinden har ei høgd på 984 meter over havet i følgje Statens kartverk, Norgesglasset. Nettstaden Toppomania oppgir 1017 m, men utan å belegge det med noko kjelde.