Brandsøy er ein tettstad i Kinn kommune i Vestland. Staden har 705 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg på begge sidene av Brandsøysundet som skil Brandsøya frå neset Klaven på fastlandet. Brandsøysundet går mellom Klavfjorden og Solheimsfjorden. Riksveg 5 kryssar sundet på bru i tettstaden.
Frå Brandsøy er det 6,5 kilometers køyring vest til Florø sentrum.
Sjå òg
Kjelder