Bonifacio er delt i to delar. Vieille ville (gamlebyen), eller la Haute Ville (den øvre byen), der ei festning frå 800-talet ligg. Han ligg på ei halvøy med utikikk over Middelhavet. Det meste av innbyggjarane bur i Haute ville. Hamna nedanfor, la marine, som ligg inst i ei fjordliknande vik, er ei naturleg verna hamn med mange fiske- og turistbåtar.
Den sjarmerande byen med idylliske strender i nærleiken trekker til seg mange turistar om sommaren, hovudsakleg franskmenn frå fastlandet. Bonifacio er òg utgangspunkt for reiser til dei små Isles Lavezzi (Lavezziøyane), som er den sørlegaste delen av det europeiske Frankrike, og som er eit som er eit fransk marint reservat.
Bakgrunnsstoff
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Bonifacio