Robert «Bob» Wootton (4. mars 1942–9. april 2017) var ein USA-amerikansk gitarist. Han vart med i bandet til Johnny Cash, The Tennessee Three, etter den originale sologitarist Luther Perkins omkom i ein husbrann. Han var gitaristen til Cash i nesten tretti år.
Wootton hadde vore langvarig fan av Cash og kunne alle songane hans perfekt. I 1968 tok han over rolla som gitaristen til Cash og spelte med han til Cash trekte seg frå turnélivet i 1997.[1]
Kjelder