Bjørn Kjos (fødd 18. juli 1946) er ein norsk jurist, flygar og næringslivsleiar frå Sokna i Ringerike. Han var med å etablere flyselskapet Norwegian i 1993, og er ein av dei største aksjonærane i selskapet. Han var administrerande direktør frå 2002 til 2019.
Kjos debuterte som forfattar i 2006 med spionromanen Murmanskaffæren.
Arbeidserfaring
- Jagarflygar i Forsvaret (F 104)
- Domarfullmektig
- Forretningsadvokat og partner i advokatfirmaet Vogt & Co. DA (Vogt & Wiig AS)
- Administrerande direktør i Norwegian Air Shuttle
Bibliografi
- Murmanskaffæren (2006, Tiden)
- Høyt spill : Norwegians vei til himmels : kampene, sjansene og suksessen, ved Jacob Trumpy (2012)
- Høyt og lavt (2015)