Bjørn Engø (19. september 1920–2. februar 1981) var ein norsk interiørarkitekt, formgjevar og emaljekunstnar. Han var utdanna ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo.
Bjørn Engø formgav på 1950-talet modellane for elokseringsverksemda Emalox på Ryen i Oslo. Det var mellom anna skåler, fat, ljosestakar og vasar, alt i aluminium som vart «emaloxert» i mange ulike sterke fargar.
Frå eigen verkstad arbeidde han med emalje på kopar, det var ofte solide fat med dekorar i fleire fargar. Han arbeidde også med store utsmykkingsoppdrag i metall og emalje.
Engø var fødd i Oslo,
Kjelder