Bjarne Amdahl (fødd 17. august 1903 i Trondheim, daud 14. april 1968) var ein norsk komponist og dirigent. Han laga blant annan musikken til dei norske spelefilmane To på topp (1965), Johan på Snippen (1956), Å ett sånt hundliv (1958) og Ugler i mosen (1959). Amdahl fekk tildelt NOPA-prisen Årets verk for «Lille Idas blomster» i 1969.
Han var kjent for samarbeidet sitt med Alf Prøysen, som blant anna resulterte i Sønnavindsvalsen og Tango for to og dessutan i musikalen Hu Dagmar, som vart sett opp på Sommarteatret i Frognerparken i 1964 med Nora Brockstedt i tittelrollen.
Kjelder
| Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya {{tr}} etter påstanden. |