Bjarkøy er ein tidlegare øykommune i Troms fylke. Området er frå 1. januar 2013 del av Harstad kommune.
Før samanslåinga med Harstad var Bjarkøy den minste kommunen i Troms, i både areal og folketal.
Historie
Kommunen heitte «Sand» fram til 1886, då namnet vart endra til «Bjarkø», og seinare «Bjarkøy».[1] I 1964 vart den delen av den gamle kommunen som låg på Senja og Lemmingvær overført til Tranøy kommune. Desse områda hadde litt over ein fjerdedel av innbyggjarane i kommunen, og det som var att av kommunen hadde då 1261 innbyggjarar. Bjarkøy var frå då av den minste kommunen i Troms etter folketal. Folketalet gjekk bratt nedover dei siste tiåra. I 2010 var folketalet 482, berre 38 % av det det var i 1964.[2]