Bjørn Anker Spydevold (8. september1918–30. mars2002) var ein norsk fotballspelar og seinare -trenar frå Sarpsborg. Han spelte for både Sparta, Fredrikstad FK og Greåker IF i norsk toppfotball og trente seinare dei to sistnemnde klubbane, samt Sarpsborg Fotballklubb frå fødebyen. Spydevold vann ein AIF-tittel, to NM-gull og tre seriegull som spelar, og leia to ulike lag til NM-finalar. I åra 1945-53 spelte han 37 landskampar, dei fleste på defensiv midtbane som såkalla winghalf. Han var far til dei landskjende fotballspelarane Thor og Knut Spydevold.
Spelar
Spydevold var medlem i Idrettslaget Sparta, eit lag som vann den norske arbeidarmeisterskapen (AIF) i fotball i 1938. Han var også med AIF-landskampar.
Spydevold debuterte på Noregs landslag (NFF) 26. august 1945, og skåra sitt einaste landslagsmål då Noreg i sin fyrste landskamp etter verdskrigen tapte 2-4 mot Danmark i København. Fram til vårparten 1953 spelte han i alt 37 landskampar. Han deltok i Sommar-OL 1952.