Bitihorn er ein topp på 1 607 meter i Sør-Jotunheimen. Han er bratt mot sør og aust, men har lett oppstiging frå nord.
Fjellet ligg på grensa mellom Øystre Slidre og Vang kommune, begge i Innlandet. Toppen av Bitihorn markerer kommunegrensa. Riksveg 51 passerer like på austsida av fjellet, like sør for Valdresflye.