Binn (walsertysk Bìi) er ein kommune i distriktet Goms i kantonen Valais i Sveits. Kommunen har 142 innbyggjarar (2010) og eit areal på 65 km². Kommunesenteret ligg 1400 meter over havet.
Binndalen er kjend for dei rike mineralavsetningane, og somme typar er unike for området. Det kjende Lengenbach-steinbrotet ligg i Binn.
Kommunen består av landsbyen Schmidigehischere og grendene Ze Binne, Wilere, Giesse og Fäld samt delar av pilegrimsstaden Heiligkreuz i Lengdalen.
Geisspfadsee og Züesee ligg i kommunen.
Kjelder
Bakgrunnsstoff