Førestillinga om Bhāratmātā voks fram saman med den indiske frigjeringsrørsla på 1800-talet. Eit skodespel av Kiran Chandra Bannerjee med tittelen Bhārat Mātā blei først framført i 1873.[2] Ein viktig song for rørsla og seinare den indiske nasjonalsongen, «Vande Mataram» - 'Eg priser dykk, moder' - blei innført gjennom Anandamath, Bankim Chandra Chatterji sin roman frå 1882.[3]
I tillegg er det sett opp statuar til henne fleire stader i landet.
«Bharat Mata ki Jai’» ('Siger for Moder India') er offisielt motto for den indiske hæren.[5]
Framstillingar i kulturen
Den bengalske kunstnaren Abanindranath Tagore avbilda Bhārat Mātā som ei safrankledd hindugudinne med fire armar som heldt Vedaene, risaks, ein bønekrans og eit kvitt klede i 1905.[6]
Hindidiktaren Sumitranandan Pant skildra Bharat Mata i eit dikt med same namn som lik ei undertrykt landsbykvinne, med elvane Ganges og Yamuna forma av tårene hennar.[2]
Kunstnaren M.F. Husain opplevde store kontroversar for sitt måleri av ei naken kvinne over eit kart av India frå 2006. Bildet blei tolka som å visa Bharat Mata, og Husain blei rettsforfølgd og måtte reisa i eksil.[7]
↑Lise McKean, «Bharat Mata: Mother India and Her Militant Matriots» i: John Stratton Hawley, Donna M. Wulff (eds.) Devī: goddesses of India. Motilal Banarsidass, 1998, ISBN 978-81-208-1491-2, p. 250-280.