Bhagavad-gita (sanskrit भगवद्गीता, 'Herresongen') er ein viktig del av det større verket Mahabharata, og blir rekna som ei særs heilag skrift i hinduismen. Songen, på 700 vers, er forma som ein samtale mellom helten Ardjona og guden Krisjna like før slaget ved Kuruksjetra.