Bermudapetrell (Pterodroma cahow) er ein pelagisk sjøfugl i stormfuglfamilien, ein mellomstor petrell som hekkar utelukkande på Bermuda.
Dette er nasjonalfuglen for Bermuda, og eit symbol på von for naturvern. Bermudapetrellen var trudd å vere utrydda i 330 år, og blei gjenoppdaginga som ein Lazarus-art, det vil seie ein art funnen igjen etter å ha vore vurdert som utdøydd i århundre. På Bermuda er han kjent som 'cahow', eit lydhermande namn avleidd frå det uhyggelege skriket som denne fuglen læt.
Skildring
Bermudapetrellen er ca. 38 centimeter i kroppslengd, oversida er gråbrun, undersida kvit. Nebbet er svart og beina rosa. Vengene er lange, med vengespenn på 89 cm.[1] Den mørke hetta går ned under auget og ein trekantspiss frå nakken ned mot halsen dannar ein ufullstendig brun krage. Langs den kvite undervengen har han ein smal, svart bakkant, vengespissane er òg svarte med eit smalt band i framkanten av vengen inn mot kroppssida.
Som andre medlemmer av stormfuglfamilien, lever bermudapetrellen ute på opent hav og i ein alder av fem år flyg han første gongen tilbake til fødeplassen for å hekke. Dei dannar livslange parsamband. Paret har eit kull i sesongen og hoa legg berre eit egg per kull, reproduksjonsraten er derfor låg. Opphavleg hekka denne arten rikeleg og spreidd over heile øygruppa Bermuda, i dag berre på holmar i Castle Harbour og på Nonsuch Island som er under tilsyn og tilrettelegging for hekking. Når dei ikkje hekkar trur ein dei beitar i Atlanteren, og følgjer nordover den varme delen av den vestlege kanten av Golfstraumen.[2]
Populasjonen vart nesten utsletta etter at engelske kolonistar innførte rotter, kattar og hundar på Bermuda, og ein trudde fuglane vart drivne til utrydding ca. 1620.
I 1951 vart 18 overlevande hekkande par funne på ein holme i Castle Harbour,[3] og eit program for vern og restaurering av hekkelokalitetar vart sette i verk.[4]
Arten har status som sterkt truga, og bestanden er estimert til 250 individ, minst 142 av dei kjønnsmodne (2005), og bestanden er aukande.[2]
Kjelder
Referansar