Berlin Brandenburg internasjonale lufthamn (BER, fullstendig namn Flughafen Berlin Brandenburg «Willy Brandt») er ei ny lufthamn som vert bygd på grensa mellom delstataneBerlin og Brandenburg i Tyskland. Ho representerer ei utviding av Berlin-Schönefeld lufthamn.
Byggjearbeida byrja 5. september 2006, og det var planlagt å opna lufthamna 3. juni 2012.[1] Den 8. mai 2012 vart det gjort kjent at opninga var utsett med minst to månader.[2] Grunnen var at brannvernsteknikken ikkje kunne fungera optimalt innan den planlagde opningsdatoen.
17. mai 2012 erklærte regjeringssjefen i Berlin, Klaus Wowereit, at lufthamna skulle takast i bruk 17. mars 2013[3]. Seinare vart opningsdatoen sett til 27. oktober 2013.[4] 6. januar 2013 vart det gjort kjent at lufthamna ikkje kunne opnast til det planlagde tidspunktet,[5] på grunn av graverande, «nesten grufulle» problem.[6] Etter nye planar skal lufthamna takast i bruk 31. oktober 2020, medan Berlin–Tegel internasjonale lufthavn etter planen skal stengja 8. november same år.[7]
Tilkomst
Flughafen Berlin Brandenburg stasjon er ein underjordisk jernbanestasjon innanfor flyplassområdet. Han handsamar internasjonal fjerntrafikk, regiontrafikk og S-Bahn-trafikk. Regiontrafikken vert supplert med busslinjer.
Lufthamna er knytt til vegnettet via eit eige kryss på motorvegen A 113. Gods- og persontrafikk er fråskilde i eit trafikknutepunkt eit stykke austom terminalen. Det har vorte innretta 10 000 parkeringsplassar for kundar og 5 000 for tilsette.