Belá er ei 22 km lang elv nord i Slovakia. Ho er ei av sideelvane til Váh frå høgre, og munnar ut i henne ved byen Liptovský Hrádok. Elva har to kjelder, Tichý potok og Kôprovský potok som begge renn ned frå Høge Tatra. Dei renn saman og dannar Belá nær Podbanské, ein del av byen Vysoké Tatry.