Beinn an Lochain er eit fjell i Arrochar Alps, sør i Skottland, på vestsida av Loch Lomond and the Trossachs nasjonalpark. Sjølv om fjellet var med i den opphavlege lista til sir Hugh Munro over skotske fjell over 3000 fot, har nyare målingar vist at det er under grensa på 914,4 meter som gjer at det ikkje vert rekna som ein munro lenger. Fjellet er 901 meter over havet.