«Because of You» (norsk omsetjing: ‘på grunn av deg’) er ein poplåt som blir framført av den belgiske artisten Stef Caers, kjend som Gustaph. Songen blei gjeven ut 13. januar 2023 og er komponert av Caers sjølv, saman med Jaouad Alloul. Songen vann den belgiske songtevlinga Eurosong 2023 og var det belgiske bidraget i Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.[1]
Om songen
«Because of You» er skriven av Stef Caers og Jaouad Alloul. I eit intervju med Eurovision-nettsida ESC Bubble, uttalte Caers at songen er ei hyllest til fridomen og «gleda av å vere seg sjølv». Caers tilhøyrer LHBT-miljøet og seier erfaringane som skeiv inspirerte han til å skrive låten. Han omtalar «Because of You» som ein lettare klubblåt.[2]
Eurovision Song Contest
Hausten 2022 kunngjorde den flamske kringkastaren VRT at Gustaph var ein av sju deltakarar i songtevlinga Eurosong 2023 laurdag 14. januar 2023. I ein serie førehandsprogram framførte kvar artist to potensielle låtar foran dei seks andre artistane, som gav tilbakemeldingar på låtane. Basert på tilbakemeldingane valde artisten ein av låtane til finalen.[3] Gustaph presenterte songane «The Nail» og «Because of You» den 12. og 13. januar. Den siste kvelden valde han låten «Because of You» til finalen av Eurosong 2023.[4][5]
I finalen laurdag 14. januar vann «Because of You» Eurosong 2023 med 278 poeng. Han var nummer tre hos juryane og nummer to hos sjåarane, men fekk flest poeng samla. Som vinnar blei «Because of You» det belgiske bidraget til Eurovision Song Contest 2023 i Liverpool i Storbritannia.[6] Låten enda til slutt på sjuandeplass med 182 poeng. Dette var det beste resultatet til Belgia sidan 2017, og det var det nest beste resultatet til Flandern nokosinne.[7]
Listeplasseringar
Kjelder