Kong Baudouin I av Belgia (7. september 1930–31. juli 1993) var konge av Belgia frå 1951 til 1993. Han var eldste son til kong Leopold III, og mora hans var prinsesse Astrid av Sverige. Det nederlandske namnet hans er Boudewijn, medan Baudouin er det franske, som er mest brukt utanfor Belgia.
Baudouin blei konge då faren abdiserte den 16. juli 1951.
Han gifta seg 15. desember 1960 med Doña Fabiola Fernanda Maria de las Victorias Antonia Adelaïda Mora y Aragon, ein tidlegare sjukepleiar og barnebokforfattar. Han og dronninga fekk ingen born.
Kong Baudouin var ein svært religiøs mann. Då det belgiske parlamentet vedtok ein lov for abort, nekta han å underskrive (den kongelege underskrifta er eigentleg rekna som ein formalitet). Det enda med at regjeringa den 4. april 1990 erklærte han ueigna til å styre, og alle regjeringsmedlemene underteikna lova. Dagen etter erklærte dei han eigna til å styre att.
Kong Baudouin I blei etterfølgd av den yngre broren Albert II som konge.
Baudouin blei i 1960 tildelt storkors med kjede av St. Olavs Orden.