Batymetri er måling av djupna i sjøar og hav. Det tilsvarar altså det ein på land vil kalle hypsometri. Namnet kjem frå gresk βαθύς (bathus), som tyder «djupne»,[1] og μέτρον (metron), «måling».[2]Batymetrisk kart vert ofte laga som eit tryggleiksføretak for sjøfart både på og under havoverflata, og syner vanlegvis havbotn med kotar.