Sir Barnes Neville Wallis (26. september 1887–30. oktober 1979) var ein engelsk vitskapmann, ingeniør og oppfinnar. Han er best kjend for oppfinninga av hoppebomba som vart brukt av Royal Air Force i Operation Chastise (The Dambusters raid) for å angripa damanlegg i Ruhrdalen under andre verdskrigen. Angrepet vart tema for filmen Dambusters frå 1955, der Wallis vart spelt av Michael Redgrave.
Kjelder