Bangkwang sentralfengsel er eit hovudfengsel i Nonthaburi, like nord for Bangkok i Thailand, som var ferdigbygd i 1931. Fengselet blei bygd med rom for rundt 4 000 fangar, men hadde i 2018 rundt 6 000.[1]
Bangkwang huser menn dømde til fengselsstraffer på 25 år og høgare, dømde som har anka dommen sin, og fangar som venter på å bli avretta. Fengselet har hatt fleire utanlandske fangar, og er blitt skildra i The Damage Done av den australske smuglaren Warren Fellows.