Balduin IV av Jerusalem (kring 1160–16. mars 1185) var konge av Jerusalem frå 1174 til 1185.
Balduin IV etterfølgde far sin, Amalrik I, som konge av Jerusalem. Frå barndommen av leid han av ein sjukdom som etterkvart blei identifisert som spedalskheit. Den gjorde at han i slutten berre kunne følgja hæren sin på båre.
Gjennom ulike delar av regjeringstida til Balduin var Raimund III av Tripolis og Guido av Lusignan riksforstandarar. I 1183 lét Balduin systersonen sin Balduin V krona til medkonge, men begge to døydde få år seinare. Under Balduin IV si regjeringstid byrja kongeriket Jerusalem sin nedgang og forfall for alvor.
Kjelder