BAL (GRAU-indeks3K60, NATO rapporteringsnamn SSC-6 «Sennight» er eit russisk kystforsvars-missilkompleks mot sjømål i overflatestilling. Systemet brukar missilet Kh-35,[1] og er særs godt eigna til å forsvare kystlinja mot framande landgangsstyrkar. BAL-systemet vart teke i bruk i Russland i 2008, men finst òg i ein eksportversjon som vert kalla BAL-AE.[treng kjelde]
Kystmissilsystemet er laga for å kunna øydeleggja overflatemål opptil 150 kilometer unna.[2]
Kystmissilsystemet brukar ein lastebil av typen MZKT-7930 som avfyringsrampe, og eit batteri har 4 slike med to missil kvar. Dessutan har batteriet ein kommandoplass med kommando- og kontrollfunksjonar og 4 lastebilar med fleire missil, og ei kran for omlasting.
Taktiske og tekniske karakteristikkar
Rekkjevidde: 120 km med missilet Kh-35 og 260 km med missilet Kh-35U м[3]