Bagheria (siciliansk Baaria) er ein by i provinsen Palermo på Sicilia i Italia med om lag 55 000 innbyggjarar.
Historie
I 1658 slo Giuseppe Branciforti, fyrste av Butera og tidlegare statthaldar på Sicilia, seg ned her og bygde ein stor villa. I 1769 ombygde etterkomarane hans den tidlegare landsbyen til ein godt planlagt barokk by, som då vart ein fasjonabel feriestad og fleire flotte villaer vart bygd.
Kjelder