Bad Ragaz er ein kommune i valkrinsen Sarganserland i kantonen St. Gallen i Sveits. Kommunen har 5 349 innbyggjarar (2010) og eit areal på 25 km². Kommunesenteret ligg 516 meter over havet.
Det ligg ei kjend naturleg kjelde i kommunen og han er ein populær kurstad.
Kommunen ligg i enden av Taminadalen. Han ligg langs vegen over Graubünden-Alpane. Fram til 1937 vart Bad Ragaz berre kalla Ragaz.[1]
Kjelder