Baby Andrea Johannessen (23. februar 1926–5. november 2016)[1][2] var ein norsk høgrepolitikar, organisasjonskvinne, kvinnesaksforkjempar og journalist. Ho hadde ei lang rekkje med verv i Høgre, Norsk Kvinnesaksforening, Europarørsla, Den katolske kyrkja i Noreg, Noregs Kristne Råd, Riksmålsforbundet og fleire andre organisasjonar, og var aktiv i den offentlege debatten i Noreg gjennom fleire tiår. Ho var ein av deltakarane i det mykje omtala kvinnekuppet i Asker 1971.
Liv og virke
Etter studium i statsvitskap arbeidde Johannessen som journalist og redaksjonssekretær i Norsk Ukeblad (1960–61), Illustrert Familieblad (1961–62), Arbeidsgiveren (1964–79) og Skoleforum (fra 1979),[1] og var bidragsytar til tidsskriftet St. Olav.
Johannessen hadde ei rekkje verv i kvinnerørsla i 1960- og 1970-åra, bl.a. som landsstyremedlem, sentralstyremedlem og sekretær i Norsk Kvinnesaksforening, redaksjonssekretær i Kvinnesaksnytt og som styremedlem i lokallaget Oslo Kvinnesaksforening. Ho var aktivt engasjert i Høgres kvinnerørsle, og var blant anna med i likestillingsutvalet til Høgre som avgav innstillinga Likestilling – likeverd – likeansvar.
Johannessen var svært aktiv i Europarørsla tidleg i 1970-åra, og i forkant av EU-avrøystinga i 1994 var ho igjen aktiv i Europarørsla, blant anna som grunnleggjar av Europarørsla i Asker og Bærum, eit av dei største lokallaga i organisasjonen.[3][4]
Johannessen konverterte til katolisismen i 1960-åra og var aktiv i Den katolske kyrkja i Noreg, blant anna som delegat til fleire kongressar for katolske legfolk og som representant i Noregs Kristne Råd (1991–1999);[5][6][7] ho deltok ofte i offentleg debatt om den katolske kyrkja, med kritiske synspunkt på kvinnesynet til kyrkja og markerte seg heilt frå 1960-åra som tilhengjar av modernisering av kyrkja, og blei skildra som «en av de mest frittalende katolikker i Norge»;[8] ho var aktiv i den reformvennlege kyrkjegruppa Også vi er Kirken og engasjerte seg blant anna for kvinnelege katolske prestar og at prestar skulle kunne gifte seg.[9][10]
I 1973 trekte Johannessen seg som sekretær og sentralstyremedlem i Norsk Kvinnesaksforening etter usemje med resten av sentralstyret om abortsaka.[11][12] Ho var i 1970- og 1980-åra ein av dei fremste kvinnelege politikarane i Asker Høgre, og blei i 1974 1. nestleiar («1. viseformann»);[13] i 1989 melde ho og to andre kvinner seg ut av Asker Høyre, og grunngav det med at det var vanskeleg for kvinner å nå fram med sitt syn i partiet, og ho blei då skildra som ein av dei mest sentrale kvinnene i Asker Høgre.[14] Ho hadde også styreverv i Asker Riksmålsforening og Asker kunstforening. Johannessen deltok i samfunnsdebatten om et stort tal tema; Morgenbladet omtala ho i 1979 som «den alltid årvåkne og tidvis refsende Baby Johannessen».[15]
Kjelder