Denne artikkelen handlar om kommunen i Sveits. For for måleininga, sjå bahar.
Baar er ein kommune i kantonen Zug i Sveits. Kommunen har 21 787 innbyggjarar (2010) og eit areal på 24,8 km². Kommunesenteret ligg 443 meter over havet.
Kommunen ligg nord på elvesletta til Lorze. Han var opphavleg ein gatelandsby langs vegen mellom Zugsjøen og Zürichsjøen. Sidan 1960-talet har kommunen vokse kraftig. Han består av landsbyen Baar og dei tidlegare grendene Allenwinden, Blickensdorf og Inwil.
Kommunen, som ligg nord for byen Zug, grensar i nord mot kantonen Zürich.
Kjelder
Bakgrunnsstoff