Bøverbru er ein tettstad i Vestre Toten kommune i Innlandet fylke. Staden har 745 innbyggjarar per 1. januar 2023.
Nemninga «Bøfr-Broen» på ei bru over elva Bøvra finst i tinglyste dokument frå 1700-talet. Men tettstaden voks først opp rundt Bøverbru stasjon på Skreiabanen, som opna i 1902. Dette året blei òg Bøverbru teke i bruk som postadresse.
I første del av hundreåret var steinbrot og kalkbrenning grunnlag for vekst på Bøverbru. I dag er Toten Kjøtt AS og kjøken- og baderomsinnreingsverksemda Corinor dei viktigaste verksemdene i området.
Kjelder