Avonmore (irsk Abhainn Mór «stor elv») er ei elv i Republikken Irland. Ho renn frå Lough Dan i Wicklowfjella vest for Roundwood. Avonmore renn gjennom Annamoe, Laragh og så gjennom ein skogkledd dal til Rathdrum. Ho renn hovudsakleg sørover i om lag 30 km før ho renn saman med Avonbeg ved The Meeting of the Waters («der vatna møtest») og dannar Avoca, som renn vidare til Irskesjøen ved Arklow.
Kjelder