Sunnhordland er ei avis som kjem ut to dagar i veka på Leirvik på Stord. Avisa vert gjeven ut av Bladet Sunnhordland A/S.
Sunnhordland tek mål av seg å dekkja kommunane Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad og Bømlo. Kommunane ligg i regionen Sunnhordland, sør i Vestland fylke.
Avisa hadde i 2009 27.000 lesarar per utgåve, viser tal frå Forbruker & Media.
Jens Hystad d.e. starta avisa i 1902. Fram til 1973 var Sunnhordland nærast einerådande i regionen.
Avisa har seinare vorte familieaksjeselskap og vert i dag driven av tredje generasjon med Jens Hystad (1946– ) som dagleg leiar og Håvard Hystad som ansvarleg redaktør. Redaksjonen tel 12 medarbeidarar, som utgjer 10 årsverk. Totalt er det 35 tilsette i verksemda. Avisa har eige lokalkontor på Fitjar.
Avisa lanserte si eiga nettutgåve 29. april 2006, som den nest siste dagsavisa i Noreg. Nettsida hadde i 2009 over 16.000 unike brukarar i veka. Samstundes lanserte dei ei pdf-løysing, der ein kan abonnera på nedlasting av avisa i staden for å få henne på papir.
Opplagstal
Utvikling i nettoopplag.[1]
År
|
Nettoopplag
|
2000
|
8 506
|
2001
|
8 400
|
2002
|
8 242
|
2003
|
8 179
|
2004
|
8 183
|
2005
|
8 185
|
2006
|
7 985
|
2007
|
7 832
|
2008
|
7 832
|
2009
|
7 498
|
2010
|
7 137
|
2014
|
6 571
|
Bakgrunnsstoff
Kjelder